Om Uksum Gard

Uksum gard ligg i Vestre Gausdal, 400 meter over havet. Til garden høyrer 150 da dyrka jord og 1900 da skog. Vi kjøpte i 2014 innmarka til garden Berg, denne grensar til vårt innmarksbeite. Jorda er klassifisert som biologisk verdfull eng, og både dyra og vi set stor pris på dette. Bevaring og bruk av denne type eng gir god næring for dyra og stimulerer insektslivet i området, ikkje minst tar vi vare på utryddingstrua planter.

Garden blir driven biodynamisk. Vi har vakre kyr av rasane Vestlandsk Fjordfe og Dølafe, Jærhøns og Islandshøns som gir oss nydelege egg og gamalnorsk spælsau som breker høgt.

 

This slideshow requires JavaScript.

Vi dyrker poteter og grønsaker som vi sel direkte frå garden til både privatforbrukarar, restaurantar, festivalar og fleire til. Mjølka frå kyrne leverer vi til meieri.

Vi har også skomakarverkstad på garden – treng du å få reparert sko eller andre skinnartiklar er du velkomen innom.

Vår streven er å gjere jorda meir fruktbar og byggje opp husdyrbesetningar som har instinkt som vi gjev dei moglegheita til å leve ut. Garden er organisert som eit familiebruk.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s