Våre husdyr

På Uksum gard arbeider vi med dei bevaringsverdige norske husdyrrasane. Vi har kyr av både Vestlandsk fjordfe og Dølafe, Gamalnorsk Spælsau, i tillegg høner av rasen Jærhøns og Islandshøns. Vi driv med småskala kyllingoppdrett, desse er, som alle våre husdyr, økologisk godkjent. Ta gjerne kontakt om du ønskjer å kjøpe kyllingar frå oss.

 

Dølafeet har sin opprinnelse i Gudbrandsdalen, Østerdalen og på Hedemarken der
det var lett tilgang på rikt fjellbeite. Det var imidlertid langt til tettstadar med avsetting for ferske mjølkeprodukt, og det var tradisjon for å fôre opp dyr til slakt i dølafeets distrikt. Derfor vart dølafeet avla som eit kombinasjonsfe for mjølk og kjøt, og vart rundt 1900-tallet rekna for å vere det tyngste feet i landet med ca. 350 kg levendevekt. I dag veg ei dølaku ca. 500 kg. Sjølv om det aldri vart full einigheit om ein felles rasestandard for dølafe, hevda mange at ho skulle vore svart med brun ål. Rektor Hirsch på Jønsberg landbruksskole brukte denne malen når han utvikla ein stamme på slutten av 1800-talet, med mål om at desse dyra skulle utmerke seg frå andre rasar. Jønsbergstammen vart velansett og fekk betydning i utviklinga av dølafeet, og Hirsch er av mange rekna som dølafeets far.

I dag er noko av det mest karakteristiske ved rasen den fargevariasjonen den representerer med fargar som svart, brunt, raudt, kvitt og branda. Teikningane kan vere einsfarga, flekka, sadla og sida. Langt dei fleste dyra har store horn, men det finst også dyr som er kolla.

Vestlandsk fjordfe hørte heime på Vestlandet, frå Hordaland i sør til Møre i nord. På slutten av 1800-talet søkte ein å lage mange lokale rasar på Vestlandet. Nesten kvar fjordarm skulle ha sin raseuniform og fordelinga skulle vere slik:

• Sunnhordland: rødt, kolla (noko horna)
• Midthordland: svart, horna
• Nordhordland: svart/svartsida, horna/kolla
• Ytre Sogn: svart/svartsidet, horna
• Indre Sogn: rødt, horna
• Sunnfjord: svart/grått, kolla
• Nordfjord: svart/grått, horna
• Sunnmøre: grått kolla (noko horna)
• Nordmøre, Romsdal: svartsida, kolla

Denne oppdelinga skapte snart problem med innavl, og det vart derfor ført felles
stambok for feet som vart kalt vestlandsk fjordfe. Vestlandsk fjordfe og vestlandsk raudkolle vart i 1947 slått saman til sør- og vestlandsfe, spesielt på grunn av innavlsproblem i fjordfeet. Då det vart sett i verk bevaringstiltak for norske husdyr på 1980-tallet, vart det likevel valt å halde vestlandsk fjordfe og vestlandsk raudkolle adskilt.

Fargevariasjonen på fjordfeet i dag er stor med fargar som svart, brunt, raudt, kvitt, skimla og branda. Teikningane kan vere einsfarga, flekka, sadla og sida. Nokre dyr har horn eller nyvler, men det er også mange kolla dyr. (kjelde: Skog og landskap/Genressurssenteret)

 

Gamalnorsk spælsau er unik med tanke på dei gamle genane som den er berar av. Den er ein godlynt, intelligent rase som har eit utprega godt morsinstinkt, relativt høgt lammetal, lite lammevanskar og god mjølkeevne. Med krumma horn og godt utvikla flokkinstinkt som dei har arva opp gjennom mange generasjonar har dei ein suveren måte å forsvare seg på overfor rovdyr. Den er lettbeint og kjapp, og tar seg godt fram i brattlendt terreng.
Den er hardfør og nøysom, og driftsformer som varmt og kaldt fjøs og utegang kan brukast. Den liker godt å vere ute om vinteren, og ligg gjerne heller ute i kulda enn inne. (kjelde: Landslaget for gammelnorsk spælsau)

 

Jærhøna er den einaste norske hønserasen. Saman med historiske raser og avlsliner som i si tid vart brukt i det norske avlsarbeidet på verpehøns, er den sikra i Genbanken for fjørfe. Jærhøna er den einaste rasen med røter tilbake til den norske landhøna.

Norske landhøns var tidlegare ei lite einsarta gruppe med stort fargespekter, og dyra kunne ha fjærtopp eller skjegg/fjør på føtene. Landhøna var nesten utrydda då arbeidet med å ta vare på og foredle den begynte på Jæren i 1916. Rasen fekk då namnet Jærhøns, og det vart sett strenge krav til standardfarge. Rasen kan i dag sporast tilbake til eitt opprinnelig foreldrepar, og har derfor høg innavlsgrad. Men jærhøna har tolt innavlen godt, og er ei vital rase både med omsyn til helse og produksjon.

Jærhøna er kjent for å ha meget lav kroppsvekt, store egg i forhold til kroppsvekta og god skalkvalitet. Rasen er kjønnsvisende (autosexing), dvs. at det er kjønnsforskjell i dunfarge hjå daggamle kyllingar på rein rase. Det finst ein mørk brun og ein lys brun variant. Den lyse er i mindretall. Når jærhøna går fritt er den flink til å finne mat. Jærhøna er aktiv av type, og kan vere litt sky. Ho er ein flink flygar. (kjelde: Skog og landskap/Genressurssenteret)

 

Islandshøns eller landnåmshøns (isl. (íslensk) landnámshæna) er ein hønserase frå Island.Landnåmsfolket frå Noreg hadde med seg høns til Island da dei busette seg der kring slutten av vikingtida, og islandshønene har sin nærmaste slektning i den sørvestnorske jærhøna. Hønene er relativt store (kring 2 kg), med stor variasjon i kam, fjørdrakt og skinn- og fotfarge. Egga er kvite og relativt store (50–65 g). Islandshønene er hardføre og flinke til å finne sin eigen mat. Gemyttet er rolig. Dei er stabile eggleggarar og har gode rugeeigenskapar. Massiv import av kommersielle hønserasar kring 1950-åra førte til at islandshønene mesta forsvann, men frå 1970-åra og utover har det vore drive aktivt bevaringsarbeid, og det finst nokre få tusen reinrasa islandshøns i dag. Dei første islandshønene i Noreg vart innført i 1996. (kjelde: https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Islandshøns)

 

Advertisements